På Fure og områda rundt finn ein mykje å sjå på. Ikkje minst
skulle bilda i galleriet på desse sidene sei ein del om det. For å dra fram
nokre få ting, så har vi for eksempel:
Furehonnet
og Furefjellet
Ein flott dagstur er dette, for du treng hvertfall ein dag
skal du klare å komme over alt!
Er du sprek klarer du å komme deg opp til
Kvilesteinen innan
eit kvarter, ein ynda stoppestad på den bratte stien. Utsikta frå Furehonnet mot
Selje, dei gamle fjellfjøsa med navne-inskripsjonar frå bestefars unge dagar,
spora etter torvuttak, blåbærlyng, og nokre få multeplantar i myra, gamle ”gjetarhytter”,
fredelege fiskevatn, utsikta til Hoddevik – og om ein går langt nok ut kjem ein
til Furestaven.
Ingenting er vel som spekeskinke grilla på lyng!
Ytre-Fure ville vere eit flott veivalg heim att.
Noko
bratt er det nedover, men når ein kjem fram finn du eit koselig tun, med bratte
bakkar ned til sjøen på framsida av huset. Tenk at det har budd folk fast her
ute på denne vær-harde staden.
Og ungane skifta mellom å gå på skule mellom
Indre og Ytre Fure, litt av ein skuleveg det i storm og regn!
Heilt nede ved sjøen finn ein flotte berg godt egna for
fiske, så her er det berre å kaste ut!
Det ligg 2 hus her ute, med løer til kvart hus. Turen tek
du fjørevegen tilbake til Indre Fure. Her går du forbi Julius si hytte, med eit
flott moloanlegg. Ein koselig stad.
I fjøra lenger inne, der fjellknausane tek til, finn du
holer i fjellet du berre kjem til i fjøre sjø. Mange flotte havslipte steinar
ser du og. Det kan lure ein hoggorm eller to på stiane, så pass på. Det er ein
populær stad å sole seg for dei. Ein flott tur er det hvertfall.